Episodios

  • Restless legs (urolige bein)
    Dec 9 2025

    Kjenner du på kriblingar og mauringar i beina om kvelden? Rastlause, urolige bein eller restless legs (RLS) er ein tilstand som mange opplever. For dei fleste er plagane til å leve med, men for nokre blir dei så store at det går ut over søvn og livskvalitet.

    Søvnpodden har hatt besøk av nevrolog Einar Kinge, som er ekspert på denne tilstanden. Han fortel om førekomst, symptom og korleis sjukdomen skal behandlast.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    38 m
  • Smerter og søvn
    Nov 11 2025

    I denne episoden har vi snakka med manuellterapeut Kjartan Vibe Fersum, som har lang erfaring med behandling av muskel- og skjelettplagar. Han jobbar ut fra ei heilhetlig forståing av smerte, der faktorar som søvn speler ei viktig rolle.

    Men korleis heng egentlig søvn og smerte samman? Og kvifor bør helsepersonell interessere seg for søvnen din når du søker hjelp for smerter? Det får du svar på i denne episoden.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    30 m
  • Mørketid
    Oct 22 2025

    Korleis veit hjernen vår når vi skal sove og når vi skal vere våkne? Jo, den samarbeidar med auga for å stille den indre klokka etter dagslyset! Derfor er det kanskje ikkje så rart at mange kjenner på auka søvnighet når mørketida setter inn.

    I denne episoden snakkar Søvnpodden om kva som skjer med søvnen når haustmørkret kjem snikande. Vi snakkar om korleis lys påvirkar døgnrytmen, og gir konkrete råd for kva du kan gjere for å føle deg opplagt – til og med når dagene blir korte og mørke.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    14 m
  • Snudd døgnet i ferien?
    Aug 4 2025

    Kva er vel betre enn ferie og lange, varme og lyse sommarkveldar? Mange av oss forsinkar søvnen gjennom ferien, og då kan det vere veeeldig tungt å komme seg på jobb klokka 08:00 ein måndag morgon i august…

    I denne episoden snakkar Søvnpodden om kvifor søvnen vert forsinka i ferien, korleis vi kan unngå det, og kva vi kan gjere for å komme raskere tilbake til kvardagen når ferien er over.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    14 m
  • Melatonin
    Jul 1 2025

    Melatonin er no for salg reseptfritt, og vert brukt av fleire og fleire, men veit du egentlig kva melatonin er, og korleis det virker?

    I denne episoden har Søvnpodden hatt besøk av lege og søvnekspert Bjørn Bjorvatn som forklarer kva melatonin er, til kass type søvnproblem det bør brukast, og korleis.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    27 m
  • Søvnproblem, kor er hjelpa?
    May 27 2025
    Nasjonalt senter for søvnmedisin blir ofte kontakta av fortvilte pasientar som lurer på kor dei kan få hjelp til søvnproblema sine, og behandlarar som lurer på kor dei skal tilvise pasientane. Då er svaret vårt: «Det kjem heilt an på kva søvnproblem det er snakk om». I denne episoden av Søvnpodden snakkar vi om dei ulike søvnsjukdommane, korfor dei krev ulik tilnærming og kva medisinske spesialitetar som kan hjelpe.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    21 m
  • Søvn og psykisk helse
    Apr 16 2025

    Mange med psykiske lidelsar opplev at søvnen er forstyrra. Lite og dårlig søvn påvirkar psykiske helse - dårlig psykisk helse kan óg føre til søvnvansker.

    I denne episoden har Søvnpodden hatt besøk av psykolog og søvnekspert Ane Wilhelmsen-Langeland. Vi snakker om kass søvnproblem som er vanligast ved psykiske lidelsar, som angst og depresjon. Kva som er riktig behandling og kva du kan gjere sjølv for å sove bedre og kanskje óg få bedre psykisk helse.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    25 m
  • Søvn og stress
    Mar 27 2025

    Søvn og stress heng tett saman. Stress kan gjere det vanskelig å sove, samtidig som lite søvn kan gjere oss stressa.

    I denne episoden har Søvnpodden hatt besøk av stressforskar Anette Harris. Vi snakkar om kva stress er, korleis det heng samman med søvn, og korleis vi kan bruke denne samanhengen til vår fordel. Sliter du med søvn kan det nemlig hjelpe å ta grep for å redusere stress, medan fokus på gode søvnvaner kan gjere stresset lettare å handtere.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Más Menos
    26 m
adbl_web_global_use_to_activate_DT_webcro_1694_expandible_banner_T1