Episodios

  • Skeiv litteraturfest: Per Espen Myren-Svelstad i samtale med Inger Bråtveit - Festspela 2022
    Dec 22 2022

    i 2022 er det 50 år sidan kjærleik mellom likekjønna blei avkriminalisert i Noreg. Som ein del av Skeiv litteraturfest 2022 hadde Per Espen Myren-Svelstad og Inger Bråtveit samtale om skeiv lesing av Tarjei Vesaas. Astrid Sverresdotter Dypvik er samtaleleiar.
    Opptaket blei gjort under Festspela 2022 i Aasentunet.

    Más Menos
    43 m
  • Skeiv litteraturfest: Å lese Vesaas med skeive briller - Litteraturdagane 2022
    Dec 2 2022

    I 2022 er det 50 år sida kjærleik mellom likekjønna blei avkriminalisert i Noreg. Nynorsk kultursentrum ynskjer å markere skeivt kulturår gjennom å formidle samtaler om skeiv litteratur.
    I denne episoden får du høyre eit føredrag med Per Espen Myren-Svelstad om det å lese Tarjei Vesaas med skeive briller. Opptaket er redigert og blei gjort under Litteraturdagane 2022.

    Más Menos
    40 m
  • Litteraturhus Møre og Romsdal: Dei farlege konspirasjonsteoriane
    Jan 10 2022

    Som ein del av prosjektet vårt Litteraturhus i Møre og Romsdal besøkte Bjørn Vatne og Øyvind Strømmen seks bibliotek på Sunnmøre for å snakke om dei farlege konspirasjonsteoriane. Opptaket av samtalen blei gjort på Sjøholt bibliotek i november 2021.

    Más Menos
    1 h y 3 m
  • «Bibelforteljingar» frå Dei nynorske festspela 2019
    Jul 8 2021

    Nynorsk kultursentrum markerer 100-årsjubileet til Fyrebilsbibelen med å publisere tidlegare samtalar om bibelspråk frå Dei nynorske festspela. Les meir om 100-årsjubileet på nynorsk.no.

    Más Menos
    44 m
  • «Kor død er Gud i litteraturen på ein skala frå éin til ti?» frå Dei nynorske festspela 2011
    Jul 7 2021

    Nynorsk kultursentrum markerer 100-årsjubileet til Fyrebilsbibelen med å publisere tidlegare samtalar om bibelspråk frå Dei nynorske festspela. Les meir om 100-årsjubileet på nynorsk.no.

    Más Menos
    41 m
  • «Blir det nye bibelspråket for nytt?» frå Dei nynorske festspela 2005
    Jul 6 2021

    Nynorsk kultursentrum markerer 100-årsjubileet til Fyrebilsbibelen med å publisere tidlegare samtalar om bibelspråk frå Dei nynorske festspela. Les meir om 100-årsjubileet på nynorsk.no.

    Más Menos
    51 m
  • Festspeldiktaren: Stein Versto
    Dec 17 2020

    I årets siste episode hos vår podkast, Nynorsk no, får du høyre samtalen med festspeldiktar Stein Versto. Samtalen er leia av den prislønte forfattaren Ingrid Storholmen, og gjekk føre seg i Aasen-tunet 18. oktober 2020. Storholmen har god kjennskap til forfattarskapen til Versto og losa publikum gjennom ein spennande og variert karriere.

    Stein Versto debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene (1990) og har seinare gitt ut to diktbøker. Han har òg omsett litteratur, både songtekstar, barnebøker, ein roman og ein operalibretto. Sjølv har han skrive tekstar til fleire artistar, og står også bak romanen Nidaros (2013). Han er hardingfelespelar og samarbeider både med spelemenn og kvedarar, og han har skrive om folkemusikk og folkedikting. Fela blir også med til Aasen-tunet denne ettermiddagen.

    Odd Nordstoga og Stein Versto har saman vore festspeldiktarar i 2020. Det mest kjende samarbeid mellom dei to er songen «Frøken Franzen», og der er ei lang rekkje fleire songar frå Nordstoga som Versto har skrive tekstar til. På nynorsk.no kan du finne ei rekkje innslag som festspeldiktarane og andre har laga til Digitale festspel 2020.

    Más Menos
    1 h y 7 m
  • Festspeldiktaren: Odd Nordstoga
    Nov 26 2020

    På tampen av det digitale festspel-året kjem endeleg intervjuet med festspeldiktar Odd Nordstoga! Nordstoga møtte journalist og forfattar Kjartan Brügger Bjånesøy i Nitro studio i Oslo, den 5. oktober. I denne samtalen får du høyre forteljingar frå Nordstoga si karriere og refleksjonar rundt hans virke som diktar.

    Más Menos
    1 h y 5 m