Episodios

  • Frå jubel på Jæren til vågal optimisme i nord
    Jul 15 2025

    Denne veka gjenopplever Hobberst og Salte den sterke sigeren mot Vålerenga. Fleire spelarar får seg eit løft på børsen – nokre klatrar både eitt og to hakk etter innsatsen mot VIF.

    Salten har også med seg ei heilt ny spalte, podkasten har no teke steget inn på Snapchat. Kva som eigentleg skjer der, får du berre vita om du lyttar til episoden!

    Mot slutten av sendinga rettar begge blikket mot neste kamp i Tromsø. Salten Kjenner lukta av poeng, medan Hobberst kanskje lovar litt i overkant dersom Bryne skulle dra heim alle tre poenga mot det formsterke laget frå nord.

    Til slutt kjem begge programleiarane med ei klar oppmoding til sittetribunen: No må alle vera med og løfta laget (ræva) resten av sesongen!

    Más Menos
    1 h y 19 m
  • Frå krøll mot KFUM til krig mot kongeblå – og kva skjer med Moreira?
    Jul 10 2025

    I dagens episode av Eder & Galle er det kampen mot KFUM som vert analysert av Hobberst og Salte. Kva kan Bryne ta med seg vidare?

    To spelarar har forlate Jæren – det vert kort nemnt før fokuset skiftar over til overgangsrykter. Kven er det som byr på Moreira? Kven ønskjer duoen seg inn dørene på Bryne stadion? Og har klubben faktisk sendt ut eit konkret bod på ein ny spelar?

    Det vert også ein runde med Fantasy-prat. Som vanleg kjem dei også med tippetips, slik at du kan gå helga i møte med både innsikt og odds i ryggsekken.

    Til slutt ser dei framover mot det som ventar på søndag: Vålerenga kjem på besøk til Jæren, og med meldt sol og god temperatur er det duka for ei perfekt ramme rundt ein viktig kamp.

    Más Menos
    1 h y 15 m
  • Episoden der lyden spelar på bortebane
    Jun 30 2025

    I dagens episode – som dessverre tek eit steg eller ti tilbake på det tekniske planet – tar Hobberst og Salten likevel fram dei store brillene for å snakke om HamKam-kampen. Dei går gjennom sjølve kampen, delar ut børs til spelarane, og ser nærare på kva som gjekk bra og mindre bra.

    Det blir også tid til litt tipping, ein runde med fantasy-prat, og ein kort kikk på den kommande kampen mot KFUM. Der trur duoen at Bryne kan møte tøffare motstand enn mange ventar.

    Tross tekniske utfordringar – ekte Bryne-prat, som alltid!

    Más Menos
    38 m
  • Bryne i medvind og motvind – og litt Görlich i sidebrisen
    Jun 25 2025

    I denne ferske episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salte føre seg 1–1-kampen borte mot Sarpsborg. Dei to går og grundig inn på det som har vorte ein snakkis i Bryne-krinsar: den noko spesielle situasjonen med Luis Görlich, som valde å kjøpa seg ut av kontrakten med klubben. Kvifor skjedde det, og korleis handterte Bryne det i media? Hobberst og Salte sparar ikkje på meiningane når dei diskuterer korleis saka vart kommunisert ut.

    Mot slutten rettar dei blikket framover mot den komande eliteseriekampen på Bryne Stadion, der HamKam kjem på vitjing. Dei kjem ikkje åleine – med seg har dei den ferskt tilsette trenaren Thomas Myhre.

    Spel av episoden med lune stikk og ekte engasjement frå to som bryr seg om klubben i raudt og kvitt.

    Más Menos
    51 m
  • Eliteserien er tilbake – og det er brått meiningstvang igjen
    Jun 19 2025

    Podkastferien er over, og duoen er tilbake – småbleike, middels opplagde, men klare for å meine ting igjen. Først blir det litt snakk om treningskampen mot FK Haugesund. Var det noko som såg bra ut? Kanskje. Var det noko som såg litt så som så ut? Definitivt.

    Deretter skal den heilage bunken med lytterspørsmål plukkast frå kvarandre. Ingenting er for smalt, for breitt eller for kranglete – alt skal få svar, anten det fortener det eller ei.

    Så blir det tipping! Det er klart for ny runde i Eliteserien, og podkast-duoen prøver å gjette seg fram til rett tippetegn og kanskje ein slant til Barnekreftforeninga. Dei bommar sikkert, men det er tanken som tel.

    Til slutt ser vi fram mot søndagskampen mot Sarpsborg. Eliteserien er endeleg i gang igjen, og Bryne skal ut og lufte seg – men korleis går det? Ingen veit, men me snakkar om det likevel.

    Más Menos
    52 m
  • Bryne mot Sandefjord, børs, odds og trenarrykter!
    Jun 6 2025

    Hobberst og Salte tek deg gjennom oppgjeret mot Sandefjord – med spelarvurderingar, analyse og prat om korleis Bryne leverte.

    Dei sjekkar om det var pengar å hente på oddsen denne runden, og fantasy-laget får seg ein grundig gjennomgang – kven leverte, og kven svikta?

    I tillegg snakkar dei om rykta som går: Er hovudtrenar Kevin Knappen på veg bort? HamKam skal visstnok ha han på blokka – bør Bryne-fansen uroa seg?

    Más Menos
    42 m
  • Siger, håp og marknadssjef i studio
    May 29 2025

    I vekas episode av Eder & Galle går Hobberst og Salte gjennom den sterke innsatsen mot FFK, der Bryne tok med seg tre nye poeng. Optimismen spreier seg i studio – faktisk så mykje at dei byrjar å tru på nye tre poeng heime mot Sandefjord til helga.

    Denne gongen har dei og fått med seg marknadssjef i Bryne FK, Bjørn Hagerup Røken, som svarar på misnøya rundt kampopplevingane på stadion så langt denne sesongen. Han fortel kva klubben jobbar med for å betre arrangementa, og tek opp korleis bestemannspremiane har gitt Bryne mykje positiv merksemd i media.

    Más Menos
    1 h y 37 m
  • Poeng i Drammen, cupen glapp, kritikken traff – og Fredrikstad lurer i horisonten
    May 21 2025

    I vekas episode av Eder & Galle tek Hobberst og Salte oss med tilbake til 16. mai i Drammen, der Bryne drog på bortekamp mot Strømsgodset. Med låge forventningar i bagasjen lurte duoen på om det i det heile tatt var mogleg å få med seg poeng heim. Men Bryne svara med innsats og effektivitet – og jammen vart det ein lukkeleg tur tilbake i taxi mot Gardermoen. Riktignok ikkje utan ei viss uro og særs variabel humor under transporten.

    Deretter går turen vidare til cupkampen mot KFUM. Gleda var stor då trekninga vart kjend – men dessverre enda det heile i skuffing då kampen først vart spelt. Ei gyllen moglegheit glapp mellom fingrane på Bryne, og det gjer vondt å tenkje på.

    Som vanleg blir det også eit skråblikk på Brynes gjennomføring av kamparrangement. Her kjem det kritikk, og vertane legg ikkje fingrane imellom. Er du lettsår på vegner av klubben, kan det vere greitt å spole litt forbi dette segmentet.

    Duoen ser også fram mot helgas kamp mot Fredrikstad. Det blir nok ei tøff utfordring, men med poenga frå Drammen friskt i minne, er det lov å håpe.

    Más Menos
    1 h