Episodios

  • Kvifor er forholdet mor-dotter så definerande for kven vi blir?
    Aug 28 2025

    I en serie episodar av podkasten vår vil skodespelar Idun Losnegård utforske temaet mor-dotter saman med forskjellige gjester. Først ut er hennar eiga mor, Anne Britt Nummedal Losnegård. Bakgrunnen er stykket «Eg er Lucy Barton», basert på bestseljar-bøkene til Elizabeth Strout.

    Más Menos
    37 m
  • Nynorsk scenespråksenter - Har dei blitt vestlendingar no?
    Aug 28 2025

    14 veker har gått sidan det første kullet ved Nynorsk scenespråksenter sette føtene inn på Teater Vestland. På denne tida har dei lært ei splitter ny dialekt. Korleis har Arjan, Jacob, Pernille og Stine klart seg? Er dei ekte vestlendingar no? Korleis er synet deira på nynorsk, og kva er det beste minnet deira frå opphaldet? Her kan du høyre dei fire deltakarane i samtale med konstituert teatersjef Kristina Kjeldsberg.

    Más Menos
    31 m
  • Kva er på baksida av Vestlandet?
    Mar 18 2025

    Vestlendingen Eirik Fauske har dramatisert og regissert «Vestlandet» av Erlend O. Nødtvet. Det er ei lukkeleg foreining. Stykket er ei leiting etter det eigentlege Vestlandet, og få kjenner den vestlandske baksida betre enn Eirik Fauske. Vil han finne ei djupare meining….? Her kan du høyre han i samtale med teatersjef Kristine Kjeldsberg.

    Más Menos
    30 m
  • Det morosame mørket
    Mar 18 2025

    Med «Putemannen» ønsker regissør Terje Skonseng Naudeer at halve salen skal flire seg i hel, og andre halvdelen vere i sjokk. Martin McDonagh sitt stykke svingar mellom det mørke og det lyse og er ekstremt underhaldande. I podkasten vår Bak maska kan du høyre han i samtale med Kristina Kjeldsberg.

    Más Menos
    42 m
  • Klassikar med vri
    Oct 21 2024

    I vår versjon av det verdskjende eventyret om Skjønnheita og Udyret blir vi inviterte med inn i ein varieteteater-tradisjon full av magi. Publikum blir ønskte velkomne av to fear og ei kanin, som kveld etter kveld fortel historia om Skjønnheita og Udyret. Men denne kvelden skjer det noko heilt spesielt. Teaterleiinga bestemmer seg for at kveldens framsyning blir den siste nokosinne…


    Høyr regissør Elisabeth Topp og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt i ein bakom-samtale om denne haustens store familieframsyning.

    Más Menos
    34 m
  • Ei kjærleikshistorie i klimakrisa
    Aug 29 2024

    Tenk deg at du observerte dei første minutta etter at Titanic gjekk ned. Kor inderleg ville ikkje eit par ha klemt kvarandre? Det er denne nærheita Jeff Pedersen ønsker å få fram i «Pusterom» av Duncan Macmillan. Her kan du høyre regissøren i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

    Más Menos
    45 m
  • Internasjonal suksess
    Mar 27 2024

    I denne episoden møter vi regissør Nils Petter Mørland og skodespelar Harald Ottesen Nødvedt i samtale med teatersjef Lundsholt om den internasjonale suksessen «Alle fantastiske ting». Dette er ei interaktiv og altomsluttande framsyning som gir rom for mange refleksjonar, som viktigheita av publikum, om det å bruke komiske verkemiddel for å snakke om det som er vanskeleg og om teater som ei historiemaskin.

    Más Menos
    46 m
  • Tech-teater der publikum får styre skodespelarane
    Feb 10 2024

    I @Ragnarok08 blir publikum utstyrte med kvar sin mobiltelefon, der dei får informasjon og dessutan stemmer over kva retning handlinga skal ta. Det set enorme krav til dei teknologiske løysingane, og i arbeidet med framsyninga har Teater Vestland utvikla ein app frå scratch for å få alt saman til å fungere saumlaust.

    «Ein ideell symbiose mellom bilde og lyd i ein minimalistisk scenografi», seier videodesignar Anders Nybø i denne episoden av podkasten Bak maska. Med seg i studio har teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt dessutan komponist og lyddesignar Viljar Losnegård og regissør Philipp Stengele.

    Más Menos
    30 m