Avdeling T Podcast Por Nynorsk kultursentrum arte de portada

Avdeling T

Avdeling T

De: Nynorsk kultursentrum
Escúchala gratis

Velkomen til Avdeling T – ei hemmeleg avdeling i regjeringa, som berre statsministeren og få andre veit om. Ho jobbar for at bokverder ikkje kjem ut av kontroll. For det ingen veit, er at alt forfattarar skriv faktisk vert til verkelegheit. Av og til kan historiene bli rastlause og vil ut på eige eventyr, og då oppstår det ulike tåkefenomen. Då må Meister T, agentane hennar og forfattarane av bøkene rykkje ut for å ordne opp.


Avdeling T er ein podkast for og med born produsert av Nynorsk kultursentrum.

© 2025 Avdeling T
Literatura y Ficción
Episodios
  • Julemysteriet i bygda til Klodeklubben
    Dec 16 2025

    Avdeling T hamnar i bygda til Klodeklubben og oppdagar at reinsdyra har forsvunne rett før jolemarknaden. Saman med forfattar Ruth Lillegraven må agentane leite i snøen, fylgje spor og løyse eit ekte julemysterium. Kva lokkar Avdeling T ut i skogen – og kva har boss med saka å gjere?

    Studio: Top of Mind AS

    Más Menos
    13 m
  • I spora til Katten og Kråka
    Dec 9 2025

    Når vêrmaskina hostar opp teikneseriebobler, skjønar Avdeling T at noko er heilt feil. Snart står dei i skogen til Katten og Kråka – med ein fortvila forfattar, Arild Torvund Olsen, og ei historie som har rota seg til. Draken er på feil plass og nokon må få orden i kaoset. Men klarer agentane å fikse historia før draken finn dei?

    Studio: Top of mind.

    Makkekor: Songria.

    Más Menos
    12 m
  • Floke og ragnaroktrusselen
    Jul 21 2025

    Eit mystisk uvêr førar agentane til Austlandet og rett inn i eit stort, grått og kaldt tåkefenomen. Midt i kaoset møter dei forfattar Ida Eva Neverdahl, som mistenkjer at Floke Skrufsson og andre skapningar frå bokverda kan ha kome gjennom tåka. Plutseleg er dei i ein båt, omgitt av Midgardsormen. Kva må dei gjere for å unngå at Ragnarok bryt laus?

    Más Menos
    13 m
Todavía no hay opiniones